Teknisk
Teikningane på desse nettsidene er laga med låg
biletkvalitet. Ein kan ikkje kopiere dei og trykkje dei i eit blad: dei er lagde
ut som reklame. Men ved å ta kontakt på e-post, kan ein få
tilsendt bileta i høg kvalitet.
Teikningane kan leverast i mange biletformat. Dersom teikninga eller teikneseriestripa skal trykkjast i eit blad, er det best å spørje trykkeriet kva for format dei helst bruker. Ofte kan teikninga då sendast direkte til trykkeriet.
Trykkeri vil ofte ha PDF-filer. PDF er eit filformat som er fiksert, slik at ingen kan gå inn og endre noko - og slik at tekst ikkje forskyv seg i forhold til teikning. TIFF er eit anna format som eignar seg for trykking. Formata JPEG og GIF er mest aktuelle for nettsider. Alle teikningane på desse sidene er lagra i JPEG og GIF.
Ta kontakt for å avtale kva for format teikningar skal leverast i. Dei kan leverast i mange fleire format enn dei som er nemnde her. Den ideelle utsendingsmåten for einskilde teikningar er e-post. Dette krev at e-posten til mottakaren har nok musklar til å handtere litt større vedlegg. Teikningane kan elles sendast på ein CD - eller på papir, for dei som vi ha det slik.
Når det gjeld årspakka av "Kaffekroken", er ho på 117 Mb. Ho er altså altfor stor til å sende på e-post, og blir sendt ut med vanleg post på ei CD-plate. Einskilde striper det hastar med, kan sjølvsagt sendast med e-post dersom redaktøren fortel kva slags fil han eller ho skal ha, og kva for målform dei nyttar i bladet.