Kaffekroken
blir levert på både
bokmål og nynorsk!

- Vi har mistanke om at teiknaren
legg alle sine eigne fordommar i vår munn!

- Kaffekroken spøkjer helst med alt som ikkje
er så alvorleg i kyrkja ...

- men det er trass alt ganske
mykje, ikkje sant?
Andre
oppdrag
Hans Johan Sagrusten
tekst og tegning kan òg levere andre illustrasjonar til menighets-
og kyrkjelydsblad.
For teikningar som
blir laga spesielt til eitt blad, vil prisen normalt vera omkring
500 kroner.
Ta kontakt på
post@kaffekroken.no for å drøfte idear til teikningar!
Sjå eksempel
på teikningar her.
Vår samarbeidspartnar www.menighetsblad.no tilbyd gratis nettside og arkiv for alle kyrkje- og menighetsblad. |
"No les Ola kyrkjebladet"
Kaffekroken er ein teikneserie for alle menighets- og kyrkjelydsblad.
Serien har eit humoristisk blikk på dei mindre alvorlege
sidene ved norsk kyrkjeliv.
Visjonen til Kaffekroken er
at Ola skal opne kyrkjebladet - han som vanlegvis ikkje
brukar å lesa det - fordi han veit det nå er ein
artig teikneserie der.
Idéen
I over 400 kyrkjelyds- og
menighetsblad leitar trufaste redaktørar etter nytt stoff
- eitt eller anna som kan mjuke opp sidene og få lesaren
til å feste blikket.
Mellom andakt og årsmeldingar
kan Kaffekroken bryte den kompakte tekstblokka. Og kanskje vil
ein som vanlegvis ikkje les slike blad, opne bladet på
grunn av teikneserien?
Praktisk
Kaffekroken blir sendt ut som ei årspakke på ti
striper. Årspakka inneheld alle stripene med både
bokmåls- og nynorsktekst, samt striper tilpassa publisering
på internett. Kvart blad vel ut så mange striper
som ein treng for ein årgang, og ein betaler berre for
dei stripene ein brukar.
Format
Seriestripene blir sende
ut på CD-plater i tre filformat: PDF, TIFF og JPEG. Dei
fleste andre filtyper kan leverast etter avtale. Oppløysinga
på bileta er 300 dpi, men høgare oppløysing
kan avtalast. Ta kontakt med Kaffekroken for å avtale eit format som passar for
trykkeriet.
Utsending
Årspakkene blir sende
ut på CD-plater - eller på godt gamaldags papir,
for dei som held på gamlemåten. Pakkene vil normalt
vera for store til å sendast med e-post, men dette kan
avtalast dersom ein ønskjer å prøve.
Enkeltstriper det hastar
med, kan sjølvsagt sendast med e-post direkte til trykkeriet.
Bestilling
Bestill Kaffekroken
nå, så blir teikneserien
med i neste nummer av bladet! Ta kontakt på e-post post@kaffekroken.no
eller tlf. 69 83 88 95.
|