Kaffekroken i bokform

I juni 2008 kom alle stripene av Kaffekroken, både gamle og nye, som bok på Lunde Forlag. Dette er ei fin gåvebok - kanskje årets julegåve?

I boka  finn de eit par gjesteseriar frå gode vener av meg. Det blir altså meir å lesa enn berre Kaffekroken - som om det ikkje var nok!

Les meir på nettsidene til Lunde Forlag

P52 - historia om Bibelen

P52 - historia om Bibelen kom ut hausten 2007. Heftet er skrive for dei som vil ha enkel informasjon om Bibelen. Det er på 64 sider og finst på både bokmål og nynorsk.

Frå baksideteksta: "P52 er den eldste biten av eit nytestamente som nokon gong er funnen. Den vesle biten blir datert til om lag år 125 e.Kr. og er eitt av mange funn som gjer Bibelen til den mest pålitelege boka som finst frå antikken.

P52 - historia om Bibelen fortel den spennande historia om korleis Bibelen vart til, kvifor han er så viktig, og korleis vi skal lesa han."

Les meir her og på sidene til Lunde forlag.

Kaffekroken

Teikneserien Kaffekroken vart lansert hausten 2004 og finst nå i mange kyrkje- og menighetsblad over heile landet. Klikk på linken for å koma til nettstaden kaffekroken.no. Der finn du eksempel på teikneseriestripene.