Foredrag

Gjennom arbeidet mitt i Det Norske Bibelselskap har eg arbeidd med mange interessante emne. Dei fleste av desse er knytte til bibelomsetjing. Nokre av emna kan eg halde foredrag om. Stilen på foredraga er heller allmenn og lengda om lag 30-45 minutt.

Frå omsetjarens verkstad

"Ein revisjon av bibelteksta er det vi driv med. Ein re-visio er å sjå ein gong til på alt i hop. Å snu steinar og sjå korleis dei ser ut på undersida – sjølv om ein legg dei fleste attende slik dei låg ..." (Foredrag i Frelsesarmeen, Majorstua korps) Les meir

Kan vi stole på Bibelen?

"Kan vi stole på Bibelen? Gjennom den kristne historia er det ein føresetnad at vi både kan og skal stole på Bibelen. Heile den kristne trua byggjer på at Bibelen er påliteleg. «Slik står det skrive» har vore siste ord i lærespørsmål. Grunnen til at vi spør, er at vi ofte møter innvendingar ..." (Foredrag på Fredagsåpent, Oslo kristelige studentlag) Les meir