Familiesida

Namnet Sagrusten er sett saman av sag - som tyder nett det - og rust - som ikkje tyder det ein trur. Ei rust er eit lite skogholt med lauvtre, gjerne bjørk. Sagrusten er altså "småbruket ved det vesle skogholtet borte ved saga". Denne vesle plassen ligg i Garmo i Lom kommune, men i dag står det ikkje hus der lenger. I staden har familien opphavet sitt frå ei anna rust.

Bestefar Hans Sagrusten (1879-1956) kjøpte Storsteinrusten, vanlegvis berre kalla Rusten, i Nedre Nordherad i Vågå i 1924. Her voks far min, Erling Sagrusten (f. 1931), opp som den yngste av sju sysken.

Bestemd form av ei rust blir i Vågå ruste. Ruste er altså den vanlege nominativsforma, som i setninga "Ruste er ein liten plass i Vågå". -en er dativforma som blir brukt etter ein del preposisjonar, for eksempel etter "i", som i setninga "Far min voks opp i Rusten".

Namneforma Sagrusten er altså ei dativform. Frå gamalt av ligg det kanskje eit underforstått "i" eller "frå" mellom førenamn og etternamn: "Han Hans frå Sagrusten" eller "Ho Ingeborg i Sagrusten" - omtrent som det tyske adelsmerket "von".