Artiklar

Gjennom arbeidet mitt i Det Norske Bibelselskap har eg arbeidd med mange interessante emne. Dei fleste av desse er knytte til bibelomsetjing. Fleire artiklar om omsetjinga av Fadervår er publiserte på nettsidene til Bibelselskapet.

Nytt Fadervår

Fadervår har alltid vore nytt. Den ordlyden vi brukar i dag, var òg ny ein gong; det same var ordlyden frå 1930. Faktisk har Fadervår aldri hatt same ordlyden i to bibelutgåver på rad i dette landet ..." (Innlegg i Vårt Land februar 2005) Les meir

Om omsetjinga av Fadervår

"Med omsetjinga til Martin Luther fekk Bibelen ei språkdrakt som vanleg folk kunne forstå. Nå kunne ein lesa Guds Ord på eit folkeleg tysk. Fadervår fekk den enkle forma «Unser Vater in dem Himmel» Enno skulle det gå mange år før Norge fekk si eiga bibelomsetjing, ..." (Artikkel på nettsidene til Bibelselskapet) Les meir

Fadervår 1550-2004

Korleis har Fadervår vorte omsett i norske og danske bibelomstjingar etter reformasjonen? (Oversyn på nettsidene til Bibelselskapet) Les meir

Å omsetja Fadervår

Artikkel i Ung teologi nr 4/2004. Les meir